Nytt
Om koret
Medlemmer
Adresser
Konsertar
Login
CD
Semesterplan
 

PASJONSKONSERT MED FØRDE KAMMERKOR

Det nærmar seg påske, og Jesu lidingssoge er eit aktuelt tema. Torsdag 13.mars bli det pasjonskonsert i Naustdal kyrkje med Førde kammerkor.
Langfredag, den 21.mars, blir det same programmet framført i Innvik kyrkje.

Rosa og tornar er symbola som viser igjen i valet av songar og i det sakrale programmet.
I tillegg til a capella korsong, vert det opplesing mellom anna av dikt signert Selma Lagerløf og ord henta frå Jesaja i Bibelen.

Felles salmesong høyrer også med på ein slik konsert, og den kjende påskesalmen til Jakob Sande, "Du som låg i natti seine", er ein av songane vi syng saman. Mellom songane som er valt ut til korsongen, er "Kærlighedsrosen", " God be in my head" (frå gama engelsk bønebok), "Veni Sancte Spiritus" og "Deep river". Vi avsluttar med "En smuk Aftensang", med tekst av Petter Dass. Musikalsk leiar og dirigent er Elizabeth Oltedal.

Tidspunkt for pasjonskonserten i Naustdal kyrkje er kl. 20.00 og i Innvik kyrkje kl 21.00.
Velkomne!

For
Førde kammerkor (arrangør)
- Margrethe Henden Aaraas

Tidlegare konsertar2007

Carmina Burana av Carl Orff 2007 for kor, orkester, dans og drama. Dir. Helge Haukås. Fremføring 10. febr. på Sandane, og 11 februar i Førde

Sommarkonsert Førdehuset i Førde 1. juni, og i Samfunnshuset i Svelgen 2. juni

Matinékonsert og korkafé på Frøysland skule i Haukedalen 16. september, og i Samfunnshuset på Værlandet 22. september

Oratoriet "Messias" av G.F.Handel for kor, orkester og solistar. Dir. Elizabeth Oltedal. Framføring 8. des. kl. 19 i Førde kyrkje, og 9. des. kl. 18 i Stedje kyrkje, Sogndal. Les meir om messiaskonserten her