-
O M K O R E T -
Koret
Førde Kammerkor har for tida om lag 30 medlemmer, og
vart stifta i 1983 av dåverande organist i Førde,
Knut Tønsberg. Sidan har koret hatt fleire dirigentar
fram til Elizabeth Oltedal tok over i 1991. Koret har eit variert
repertoar - både sakralt og profant.
Koret
har øving i Førdehuset måndagar, men har
og særskilde korseminar i høve større
prosjekt. Sjå elles semesterplan under medlemsinfo.
Medlemmene av koret er rekrutterte frå kommunane Førde,
Naustdal og Høyanger.
For
tida er det ei viss venteliste på damestemmene, men
koret vil gjerne knyte til seg nye manns-stemmer. Koret har
opptaksprøve. Interesserte kan kontakte dirigent Elizabeth
Oltedal.
Dirigenten
Elizabeth Oltedal
er utdanna i musikk og musikkpedagogikk frå Durham og
London Universities. Ho har budd i Norge frå 1984, og
har sidan 1991 mellom anna vore dirigent for Førde
kammerkor. I 1998 tok ho hovudfagseksamen i korleiing ved
Norges Musikkhøgskole. No underviser ho i musikk ved
lærarutdanninga på Høgskulen i Sogn og
Fjordane.
Elizabeth Oltedal har etter kvart opparbeidd seg ry som ein
svært dyktig og inspirerande dirigent, og ho er ein
sentral ressursperson for korrørsla både i og
utanfor fylket
Tidlegare aktivitet
Koret har i hovudsak halde konsertar lokalt i Sogn og Fjordane
fylke (kyrkjekonsertar, operettekavalkade, folkemusikk med
meir), men og i Bergen (Festspillene 1988, Troldhaugen 1989,
1997), Stavanger
(Swingle-seminar 1988), Skien (Korfestival 1997), Gulen med
"Gulatinget" (2005), Bergen domkirke 2006, og i
utlandet i samband med korturar; England, Shrewsbury (1993),
Polen, Krakow (1994), Ungarn, Budapest (2000) og Vilnius,
Litauen (2005)..
Av
større prosjekt dei seinare åra må nemnast:
"Petite Messe Solenelle" av Rossini 1995 (Samarbeid
med Rikskonsertane,
dir. Stefan Skõld)
"Sigeunerlieder" av Brahms 1997
"Gloria" av John Rutter 1998 (Eksamenskonsert Elizabeth
Oltedal)
"Carmina Burana" av Carl Orff 1999
"Eit barn er født" CD 1999
"Juleoratoriet" av Bach 2000 (dir. Karstein Askeland)
"Broadway Melodies" med Gisle Børge Styve
2001
"Requiem" av Gabriel Fauré 2001
"NorSa 2002" - korfestival i Port Elizabeth, Sør-Afrika,
2002
"Juleoratoriet" av Bach 2002 (dir. Eivind Gullberg
Jensen)
"Oratoriet Messias" av Händel 2003 (dir. Elizabeth
Oltedal)
"Requiem" av Maurice Duruflé 2004 (Samarb.
Hordal. kammerkor, dir.E. Oltedal)
"Magnificat" av Johann Sebastian Bach 2005 (dir.
Thomas Caplin)
"Gulatinget"av Palle Mikkelborg 2005 ( dir. Elizabeth
Oltedal)
Konsertar sammen med organist Magnar Mangersnes, Olavskoret
2006 (dir. Asbjørn Flåm)
"Carmina Burana " av Carl Orff 2007, kor, orkester,
dans og drama ( dir. Helge Haukås)
|