Nyheiter

På ein stolpe nær deg!

Plakaten for konserane i desember er no i omløp og vil dukke opp både på stolpar og i aviser. Koret er heldig og har eigen designar (Kristin Gjelsvik) som står bak også denne plakaten.
15.11.09 kl. 22:33

Dirigent for Juleoratoriet

Asbjørn Flåm er dirigent for kammerkoret si oppsetting av Bach sitt juleoratorie i desember.
Les meir »   19.10.09 kl. 23:03

Alt klart for Juleoratoriet

Asbjørn Flåm er programmert, kammerkoret øver for fullt og solistar og orkester er i boks. Helga 5. og 6. desember blir det evig populære Juleoratoriet av J. S. Bach på nytt framført - først i Førde kyrkje og dagen etter i Operahuset på Eid.
Les meir »   21.09.09 kl. 21:49

Musikalsk latterbombe

Ein fullsett sal i Førdehuset fekk oppleve spenstige musikalske nummer med mykje humor. Publikum sjølv var i høgste grad med på notane, og latteren sat laust.
Les meir »   01.09.09 kl. 18:47

Vårkonsert saman med Gisle Børge Styve trio

Førde kammerkor inviterer til vårkonsert torsdag den 7. mai i kinosalen i Førdehuset. Sett av kvelden i kalenderen din no!
Les meir »   01.04.09 kl. 20:26

Ny dirigent

Jorunn Bakke Nydal tek til som dirigent i koret frå november 2008 i samband med at vår faste dirigent har permisjon.
Les meir »   10.11.08 kl. 22:27

Humørfylt jubileumsfeiring

Latteren sat laust både hos kormedlemene og publikum då Førde kammerkor feira sitt 25 års-jubileum i Førdehuset laurdag 25.oktober.
Les meir »   27.10.08 kl. 15:50

Dansar til firstemt song

Under jubileumskonsertane 24. og 25. nov fekk unge dansarar frå Danseverkstaden for første gong danse til korsong. Dei hadde kort tid på seg til å lære alt, og vedgjekk at dei kjende på eit ”snev” av panikk.
Les meir »   19.10.08 kl. 13:09

Jubileumskabarèt med Førde kammerkor og gjester

Konserten var ei markering av Førde kammerkor sitt 25-års jubileum. Vi ønskte først og fremst å lage ei morosam og kanskje overraskande konsertoppleving, ein musikalsk kabarèt, der vi synte Førde kammerkor frå ei litt ny side. Dirigent Elizabeth Oltedal
Les meir »   11.10.08 kl. 18:53

Plakat til jubileumskonsertane

Her finn du plakaten for jubileumskonsertane hausten 2008
Les meir »   02.10.08 kl. 14:59

Feiring med musikalsk kabaret

Førde kammerkor førebur to innhaldsrike konsertar når dei om ein månad skal markere sitt 25 års-jubileum. Dansarar, solistar og eit allsidig musikalsk repertoar er kva publikum i Flora og Førde kan glede seg til.
Les meir »   27.09.08 kl. 17:40

Sol & song

Helga 7.-8.juni deltok koret på songarstemne i Florø. Til saman var over 400 songarar samla i strålande vær. Jomentum, vertskoret, arrangerte eit flott stemne.
Les meir »   12.06.08 kl. 17:59

RSS