Jubileumskabarèt med Førde kammerkor og gjester

Konserten var ei markering av Førde kammerkor sitt 25-års jubileum. Vi ønskte først og fremst å lage ei morosam og kanskje overraskande konsertoppleving, ein musikalsk kabarèt, der vi synte Førde kammerkor frå ei litt ny side. Dirigent Elizabeth Oltedal

Jorunn Torsheim - sopran
Mastergrad fra Norges Musikkhøgskole som utøvande solist med hovudvekt på teater/cabaret- og amerikansk musikk frå  det 20. århundre.
Har stor bredde og har helde ein rekke konsertar mellom anna fire turnèar med "La det klinge!" saman med Sondre Bratland, Annbjørg Lien, Odd Nordstoga, Aasmund Kaldestad, Kristin Skaare, Pål Bråtelund og Øystein Fosshagen. Har sunge hovudrolla som Maria Vittoria  i "Which Witch" og som St. Sunniva i  “Lyset frå Selja” . Ho har hausta svært god omtale for rollen som ” Gutten” i  ”Heksene” av Roald Dahl til musikk av Marcus Paus og Ole Paus. I år arbeider ho mellom anna med plateutgjevingar og lanseringskonsertar.

Ivar Anton Waagaard – piano
1. amanuensis i akkomagnement på Norges Musikkhøgskole. Har stor genremessig breidde, har spelt saman med ein rekke artister innafor cabaret- og musical,  visesang/pop,  opera og klassisk kammermusikk. Har gjennom åra turnert , opptrådt på festivaler, radio og TV, samt spelt inn eit 50-talls CD-ar og LP-ar med ein rekke norske solistar, spesielt sangarar. Har i dei seinere åra mellom anna spelt inn samtlege komposisjonar for sang og klaver av David Monrad Johansen og Øystein Sommerfeldt, med tenoren Svein Bjørkøy. Er fast akkompagnatør  ved Dronning Sonja-konkurransen sidan 1995. Har opptrådt saman med Elisabeth Nordberg Schulz, Randi Stene, Solveig Kringlebotn, AnneLise Berntsen, Per Vollestad, Isa Gericke, Helga Botn, Mari Maurstad, Hildegunn Riise, Juni Dahr, Aage Kvalbein, Sigmund Groven, Arve Tellefsen, Truls Mørk. Ole Edvard Antonsen, Kjell Bækkelund, Kari Bremnes, Maj Britt Andersen, Olle Adolphson, Inger Lise Rypdal, Heine Totland, Mariann Aas-Hansen for å nemne nokre namn.

Espen Alfred Leite -  accordion
Utdanning frå Norges Musikkhøgskole med hovudfag i argentinsk tango og samtidsmusikk.
Utøvande musikar og komponist innafor en rekke sjangere. Turnerer for rikskonsertane og er freelancemusiker bosatt i Oslo. For tiden turnerer han med eigenkomponert musikk i  teaterforestillingen "livet lever" om Hamsun for Østfold Teater og skal i løpet av hausten turnere mellom anna med "The old maid and the thief" for rikskonsertane, spille på verdsmusikkfestival i Shanghai med Randi Tytingvåg Band, på Asiaturnè med Anne von Otter og komponere musikk til "Engler i Gata" for bymisjonen i Fredrikstad

Harald Løkeland – bass
Har utdanning i musikkvitenskap fra Universitetet i Oslo . Arbeider til dagleg ved Førde kulturskule og Hyllestad/Fjaler kulturskule. Har erfaring frå dei fleste sjangarar innan  jazz ,pop, rock. Har mellom anna vore bassist saman med Jan Eggum og har lang erfaring frå ulike bandsamanhengar, revyar, teater, etc. Arbeider nå spesielt jazzbeslekta prosjekt, bl.a. medlem av jazzkvartetten Jazzterix som blei til vinteren 2007/2008.

Dansverkstedet
Unge dansarar frå Danseverkstedet i Førde vil under leiing av instruktør Jorunn Reina, skape ekstra glans med grasiøse og artige innslag i kabarèten. Danseverkstedet vart starta av Jorunn Reina 1995 og ho har fått fylkeskulturprisen for arbeidet sitt med barn og unge.

Jomentum er gjestekor på kabarèten i Florø
Jomentum er eit blandakor som har eksistert i Florø i snart 20 år. Dei skal ha ein eigen avdeling i konserten i Florø. Jomentum blei grunnlagt av Flora Arbeiderlag i 1990 med Siv Førde som dirigent. Ho er fortsatt dirigenten for koret. Etterkvart gjekk dei bort frå at det skulle vere eit arbeidarkor. No er det ett kor for alle, utan politiske motiv.