Asbjørn Flåm er programmert, kammerkoret øver for fullt og solistar og orkester er i boks. Helga 5. og 6. desember blir det evig populære Juleoratoriet av J. S. Bach på nytt framført - først i Førde kyrkje og dagen etter i Operahuset på Eid.
Juleoratoriet har trekt fulle hus dei gongane det har vore framført i Førde. Mange etterspør ein årleg tradisjon. Sist Kammerkoret framførte verket, var i 2002. Koret er på rundt 40, i det ein har invitert ein del tidlegare kormedlemmar med for å få mektigklang i korsatsane.
Tenorsolist – dvs. forteljaren – er Mathias Gillebo, student ved Statens Operahøyskole. Deitre andre solistane er Ann-Margrit Bjørnsen Silvferhielm, sopran, Kristine Marøy, mezzosopran og Bjørn Gisle Sæter, baryton.
Orkesteret er bygd opp rundt distriktsmusikarane og andre profesjonelle musikarar i Sogn og Fjordanepluss ei stor gruppe innleigde frå Bergen og Oslo Filharmoniske orkester og miljøet rundt desse orkestra.
Asbjørn Flåm er engasjert for å leie framføringa og innstudere verket med koret. Ved sidan av å ha hovudfag i kordireksjon, har han brei erfaring med oratorieoppføringar frå det kyrkjelege musikkmiljøet i Bergen, der han lenge var Magnar Mangersnes si høgre hand.
Juleoratoriet består av 6 delar eller kantatar, ein til kvar av heilagdagane i jula. Tidlegare har Kammerkoret vore med på dei tre første delane som høyrer til 1., 2. og 3. juledag. Nytt i år er at vi også framfører del 6, den siste, som høyrer til på Kristi Openberringsdag 6. januar.