Ein fullsett sal i Førdehuset fekk oppleve spenstige musikalske nummer med mykje humor.
Publikum sjølv var i høgste grad med på notane, og latteren sat laust.
Førde kammerkor hadde denne gongen invitert Førdeguten Gisle Børge Styve og hans trio til eit musikalsk samarbeid. Konserten var sett saman slik at kammerkoret først hadde scena for seg sjølv. Sidan fekk Gisle Børge Styve Trio rå grunnen åleine. Til slutt kom ein bolk der trioen og koret framførte felles nummer. Konserten starta stemningsfullt og mektig med Blå Salme (Sommero/Bye). Fleire av koret sine songar vart framført med dyktige solistar frå eigne rekkjer.
Då Gisle Børge Styve Trio kom på bana, vart det improvisasjon og musikalske ablegøyer over ein lav sko. Og publikum responderte umiddelbart. Kontakten med publikum var til å ta og føle på, og den eine lattersalva avløyste den andre. Trioen klarte på ein utmerka måte å kombinere det humoristiske med kunstnarisk framføring av beste kvalitet.
I siste bolkenvart det eit fantastisk samspel mellom trio, dirigenten Jorunn Bakke Nydal og koret. Det heile kulminerte i ei forrykande framføring av Birdland (Zawinul/Hendricks/ Nowak). Der Gisle Børge viste sine store improvisasjonskunster. Utan at koret var førebudd på det, vart Birdland plutseleg omgjort til Aquarius, og tilbake til Birdland att. Konserten vart avslutta til ståande applaus, og etter konserten var det mange som ville bak scena for å gratulere både Gisle Børge, trioen og koret.