Førde Kammerkor har for tida om lag 30 medlemmer, og vart stifta i 1983. Koret har eit variert repertoar og presentere musikk både av sakralt og profant stoff.
Planar
Nyheiter
Kammerkoret på Facebook
Du kan no få oppdateringane til koret på facebook ved å bli tilhengjar. Du finn lenka til sida her.
"Firda" var mellom dei som let seg begeistre av Førde kammerkor i si framføring av Juleoratoriet. Artikkelen og bilder finn du her. Foto: Ivar Longvastøl
Plakaten for konserane i desember er no i omløp og vil dukke opp både på stolpar og i aviser. Koret er heldig og har eigen designar (Kristin Gjelsvik) som står bak også denne plakaten.
15.11.09 kl. 22:33
Dirigent for Juleoratoriet
Asbjørn Flåm er dirigent for kammerkoret si oppsetting av Bach sitt juleoratorie i desember.
Asbjørn Flåm er programmert, kammerkoret øver for fullt og solistar og orkester er i boks. Helga 5. og 6. desember blir det evig populære Juleoratoriet av J. S. Bach på nytt framført - først i Førde kyrkje og dagen etter i Operahuset på Eid.